fredag 15. oktober 2010

Soga om Gisle Sursson

1. Ja, eg vil seie at det er ei typisk saga. Det er mange drap, og dei fleste av dei er hevndrap. Det er og med skjebnetro som og er eit typisk trekk ved sagalitteraturen. Når Vestein har koma seg over bekken, meiner han det er skjebnen hans og fortsetje, sjølv om Gisle meiner og veit at han kjem til å bli drepe viss han kjem heim.

2. Ja, eg vil seie Gisle er ein helt. Han er ein fryktløs krigar, som set familien sin og ære føre alt. Han er fysisk sterk, noko ein kan sjå i slåsskampen på slutten. Ja, han har sider som ikkje røystar med heltebildet, han rømmer frå dei som hadde tenkt til å drepe han, i staden for å ta fighten. Han gjev og kleda sine til ein av trellene, sånn at dei skulle tru at det var han og han døydde i staden for.

3. Vesteins drapsmann er Torgrim, eg fekk det ikkje med meg i filmen, men det sto i boka.

4. Eg vil eigenleg ikkje seie at dei er typiske saga-kvinner, dei var ikkje like mykje i bakgrunn som dei eigenleg skulle vere. Aud var jo med og kjempa for Gisle. Ho slo Øylov når han prøvde å bestikke henne, når han skulle finne Gisle.

5. Eg synest ikkje det var ein spesielt bra film, sjølv om det skjedde mykje, så var det utruleg kjedeleg at dei snakka islandsk. Då følte eg at eg ikkje heilt greidde å følgje med, sjølv om det var teksta. Og det var vanskeleg å få med seg kven som var kven. Eg følte at alle var heilt like.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar